Sportsplan handball
Her finn du sportsplanen til handballgruppa i Nordre Holsnøy IL
Sportsplanen kort fortalt
Handball i Nordre Holsnøy IL skal:
- Gi eit tilbod til alle som har lyst til å spele handball
- Gi alle moglegheit til å utvikle seg i eigen klubb
- Fokusere på sosial og handball messig utvikling
- Vere ein organisasjon som er prega av trivsel, glede og fellesskap
- Bidra til å skape gode haldningar hos barn og unge, påverke til å ta ansvar overfor seg sjølve og andre i og utanfor handball miljøet
- Vere ein leiande klubb innan ”Fair Play”
- Vere ein klubb alle er stolte av å vere ein del av
Sportsplanen gir enkle og tydelege retningslinjer som skal gi felles rammer for barne‐ og ungdomsarbeidet i handballgruppa til Nordre Holsnøy IL. Planen skal vere eit oppslagsverk og styringsverktøy for trenarar, lagleiarar, foreldre/føresette og spelarar i Nordre Holsnøy, og er forma etter retningslinjer frå Noregs Handballforbund og dei verdiane Nordre Holsnøy IL står for.
Håndballgruppestyret har hovudansvaret for evaluering, revidering og for å følgje opp sportsplanen.
Der denne planen ikkje er tydeleg nok og ein ikkje finn svar, skal ein ta kontakt med håndballgruppestyret om råd og tolking. I Nordre Holsnøy er det låg terskel for å legge saker fram.
Ta gjerne direkte kontakt med Håndball leiar: Svein Ove Skjoldal, E-post: nordreholsnoy@rvn.handball.no
Trykk her for Sportsplan NHIL Håndball.